Høring - Forskrift om å godkjenne Smøla kommune som typisk turiststed

Fylkesmannen i Møre og Romsdal sender herved forslag om å godkjenne Smøla kommune som typisk turiststed ut på høring.

Kommentarer til Fylkesmannens forslag sendes til:

Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Pb 2520, 6404 MOLDE

FRIST: 21. juni 2019

Lovhenvisning: Lov om heilagdagar og heilagdagsfred (24. februar 1995, nr. 12) § 5 sjette ledd.

Fylkesmannens brev lyder:

Søknad frå Smøla kommune:
Smøla formannskap har i vedtak av 28.05.19 sak 59/19 vedteke å søkje om at heile Smøla
kommune får status som typisk turiststad. Søknaden gjeld perioden vår og sommar då
kommunen har størst turisttrafikk. Primært påska og frå 1. mai til 1. september,
Opningstidslova vart oppheva frå 1. april 2003 og erstatta av endringar i lov om heilagdagar
og heilagdagsfred. Frå 1. april 2003 er restriksjonane på opningstider på kvardagar
oppheva. Forbodet mot søndagsopne butikkar er vidareført i lov om heilagdagar og
heilagdagsfred § 5 første ledd.
Unntak:
Det er gjort visse unntak i lova, unntak som tillet at til dømes utsalsstader med bestemte
varer (kioskvare, daglegvarer eller bensin/drivstoff) og som har eit butikkareal som er
mindre enn 100 kvm/150 kvm, får halde ope på søn- og helgedagar. Det same unntaket
gjeld for område som kan reknast som typiske turiststader.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal fylke godkjenner ved forskrift kva for område dette gjeld.
Det er helst eit mindre, avgrensa område i ein kommune, men og heile kommunar kan
reknast som typisk turiststad.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har elles heimel til å gi dispensasjon frå
helgedagsreglane for eit kortare tidsrom, når det ligg føre særlege grunnar.

"Typiske turiststader"
Med typiske turiststader meiner ein i første rekkje mindre stader der salet i periodar
hovudsakleg skjer til turistar. I følgje Ot.prp nr 11 (2002-2003) tenkjer ein på stader der
talet på fastbuande er lite i høve til talet på tilreisande/besøkande i løpet av året, som til
dømes på Beitostølen og i Geiranger. Eit kjenneteikn ved ein turiststad er vidare at dei
næringsdrivande ofte er avhengig av ein turistsesong, då kundegrunnlaget er for lite til at
dei kan overleve på sal til dei fastbuande. Kor lang turistperioden må vere, og kor stor del
av omsetninga som må skje til turistar i denne perioden, må avgjerast konkret i kvart
einskild tilfelle.
Unntaket for utsal på typiske turiststader kan gjelde for heile året eller for deler av året.
Dei næringsdrivande på typiske turiststader kan fritt bestemme opningstidene på
utsalsstadene sine sjølv.
Spørsmål og moment som kan ha innverknad for vurderinga er til dømes:
• Konkurransen om turistane kan vere hard, og kva for verknad har opningstidene
for turisthandelen i området/kommunen.
• Oppstår det konkurransevriding mellom næringsdrivande i ulike delar av kommunen,
dersom berre ein del av kommunen får slik status?
• Vil høvet til søndagsopne butikkar forstyrre helgedagsfreden?
• Kva vil det ha å seie for arbeidstilhøya til dei tilsette - med omsyn til fritid,
utradisjonell arbeidstid, høve til deltidsarbeid osb?
• Unntak for heile året eller for deler av året.
Ein viser til at utsalsstader som er med i opprekninga i § 5 i lova, i alle høve er unnatekne
frå forbodet mot søndagsopne butikkar.