Sommarguider

Nordmøre museum søkjer ungdom i alderen 17-25 år til guiding i sommar. Arbeidet vil bestå av

pilegrimsguiding, museumsguiding, publikumskontakt, pilegrimsvandring og oppgåver knytt til turstiar.

Spesielt Averøy/Kvernes og Smøla er aktuelle arbeidsstader.

Vi treng ungdom som er glad i heimstaden sin, som likar å formidle, og som kan vere eit godt vertskap for pilegrimar og andre gjestar. For nokre av arbeidsoppgåvene er det ønskeleg at du kan flytte deg rundt med sykkel, moped eller bil.

Opplæring vil bli gitt.

Skriv litt om deg sjølv og kvar, og kva for veker du kan arbeide, skriv også kontaktopplysningar. For ytterlegare opplysningar om stillingane, ta kontakt med Audhild Mork tel 950 25 286. Send søknad til prosjektleiar for pilegrimsleia audhild.mork@nordmore.museum.no Timelønn etter faste satsar,

søkandsfrist 23.juni